«I disse tider» er kanskje det mest brukte utsegnet for tida. For det er ei rar tid vi går inn i, og mange er usikre på korleis ein skal handtere det. 

For oss studentar er det mange endringar å ta inn over seg, og fleire kjenner på ei uvisse for eigen framtid.

Som faglærar, Ida Serneberg, sa under første nettbaserte forelesing førre veke; «vi kjem til å snakke om ei tid før og ei tid etter COVID-19». Akkurat no veit vi ikkje kortid denne «tida etter» kjem, og når den omsider er her – vil kvardagen då vere den same?

Oppi det heile er det fantastisk å ha moglegheit til å fortsette deler av livet som før, og det sørger blant anna Noroff for. Evelyn Røed

Verda er utsett for ein pandemi, og ein veit ikkje kor lenge den vil vare. Det kan ta fleire veker, månader, kanskje til og med år, men ein ting er sikkert – ting vert betre. Enn så lenge må ein gjere det beste ut av situasjonen. Oppi det heile er det fantastisk å ha moglegheit til å fortsette deler av livet som før, og det sørger blant anna Noroff for.

«"

Foto: Privat

På 24 timer gjekk vi frå campus til nett

Eg studerer digital markedsføring på Noroff School of technology and digital media i Oslo. I ei tid der fleire daglegdagse ting vert sett på vent, fortsett Noroff undervisning i same løp som før, men på ein litt annleis måte. Der eg før møtte mine medstudentar fysisk i klasserommet, er vi no plassert i kvar vår heim framføre ein skjerm. Gjennom å studere på Noroff har eg fått eit mykje større innblikk i digitale verktøy og medium.

Ein kan for så vidt forvente at ein fagskule med eit slikt teknologisk image, vil levere i ein situasjon der digitale verktøy i stor grad trengs. Likevel er det merkbart kor raskt undervisninga vart omstilt.

På under 24 timar gjekk vi frå campus til nettbasert undervisning. Skal ein samanlikne med andre universitet eller høgskular i landet, er det fleire studentar som framleis ventar på å kome i gong med undervisning på nett.

Forutan den fysiske interaksjonen, er studiekvardagen tilnærma normal. Vi skal følgje det fastsette opplegget, og i juni vil vi ha moglegheit til å forlate Noroff med eit vitnemål i henda. Vi har faste møtepunkt, og det tas fråvær. Oppgåver skal leverast, og vi er allereie i full gong med gruppebaserte prosjektarbeid.

Vi har framsyningar, hackathons og vi lærer å handtere nye programvarer og verktøy. Alt føregår i det digitale klasserommet. Slike rutinar gjer at ein ikkje mister knaggane vi har for å halde oss på rett kjøl. Det krev samtidig at vi som studentar tek større ansvar for vår eigen studiekvardag. For nokre er dette ein enkel sak, for andre er det verre.

Foto: Privat

Det digitale klasserommet - ein viktig sosial arena

Sjølv om alt ser ut til å gå på skinner i undervisninga, er det ikkje til å stikke under stol at det også er utfordringar ved å verte «isolert» på denne måten. Mange studentar har kanskje ikkje fasilitetane til å gjennomføre nettundervisning på ein god måte. Vi er ein klasse på 25 studentar, der størstedelen er i 20-åra. Mange er aleine på ein hybel i Oslo, fleire bur i kollektiv, mens andre har hus og born. Det er ikkje like lett for alle å finne gode stader å vere i fred til å jobbe.

Samtidig er det digitale klasserommet ein viktig sosial arena. Vi er mindre ute blant andre menneske, og det å ha moglegheit til å prate med andre er kanskje enda viktigare no, enn nokon gong. Samtidig har vi god kontakt med faglærarar som tek ansvar utover den typiske rolla som «lærar». Vi har personlige samtalar ein til ein, der vi får ytra uro, tankar, og kan stille spørsmål.

Foto: Ida Serneberg

«Ikkje kom til skjermen i morgonkåpa»

I desse tider, når vi treng det som mest, går Noroff framføre med sine fremoverlente løysingar. Evelyn Røed

Vi vert også oppfordra til å halde på faste rutinar; «Ikkje kom til skjermen i morgonkåpa, men kle på deg, gre håret, og puss tennene». I undermedvitet er det viktig med ei påminning av slike sjølvsagte ting. Også det å avgrense arbeidsområdet til eit fast miljø er viktig – vel ut ein fast stol eller eit fast rom til å arbeide frå, og la i det miste senga vere arbeidsfri sone. Som studentar i «isolasjon» er det viktig å vere sjølvregulerande for å oppretthalde progresjon.

Dette er ein ekstraordinær situasjon, og det krev ekstraordinære løysingar frå både studentar og utdanningsinstitusjonar. Småsamfunnet på Noroff klarar seg fint i det digitale klasserommet. I desse tider, når vi treng det som mest, går Noroff framføre med sine fremoverlente løysingar. Ja, det blir kanskje ei tid før og ei tid etter pandemien, og ei tid før og ei tid etter det digitale klasserommet. Når verda rundt er usikker, er det i det minste godt at tilhøva ikkje går ut over studiet. Så hold ut mine kjære medelever, vi skal sjåast på andre sida av denne store «clusterfunken».

Hold deg oppdatert

Gjør som hundrevis av andre studenter og motta nyttige råd om hva du bør tenke på når du skal velge din utdanning.

For å kunne sende deg e-post må vi lagre informasjon om deg. Du kan når som helst melde deg av. Les mer i vår personvernerklæring.


Relaterte studier

Digital markedsføring, utdanning

Digital markedsføring

Gå rett i jobb som digital markedsfører og skap resultater med digital annonsering, søkemotoroptimalisering, personvern og analyse. Utdanningen fokuserer på strategisk og målrettet markedsføring på nett og sosiale medier.

  Nettstudier
  Oslo, Bergen
  1 år
  60 studiepoeng
Les mer
Videomarkedsføring i sosiale medier, utdanning

Videomarkedsføring i sosiale medier

Video er en viktig del av influencer-markedsføring. Jobb med digitale strategier og benytt videoproduksjon og storytelling på Facebook, Instagram, YouTube og andre sosiale medier.

  Nettstudier
  1 år
  60 studiepoeng
Les mer
Frontend-utvikling utdanning i Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand
 

Frontend-utvikling

Frontend-utvikling er teknologiutdanningen hvor visuell utforming møter koding, web- og UX-design. Det store behovet for frontend-utviklere nærmest garanterer jobb etter studiene.

  Nettstudier
  Oslo, Bergen
  2 år
  120 studiepoeng
Les mer
Top